|

Det sto to tårn i
New York stad,
der folk av alle slag var glad.
To tårn - eit syn av makt og glans
som rørde himmlen med sin krans.
Me syrjer når me nevner
den ellevte september.
Hat og tro i tett
foreining
gir fantastisk kraft og meining.
Pentagon - eit krigeraltar
skjenda vart av Hels forvaltar.
Me syrjer når me nevner
den ellevte september.
Ein krig kan
kallas rett og god
men den skal ikkje spilla blod:
Krigen mot å ikkje dela
Herren ga oss alt - o sèla.
Me syrjer når me nevner
den ellevte september.
Terror - med
teknikk og vilje,
"Dance macabre" over tilje.
Terroristen døyr med gleda
"heilag harme" stakkars verda.
Me syrjer når me nevner
den ellevte september.
So stend me her -
med kvar vår "Gud"...
Me snur oss rundt - til nord til sud....
Me lyfter arm med vald og makt.
Me stød i gamal trudomspakt...
Me syrjer når me nevner
den ellevte september.
Lat oss no alle
be på nytt
at noko i vår sjel vert bytt.
Lat fara pengar, glass og stål,
lat koma gledens hugnadsmål!
Sjå til at livsens hender
sår von i fredens render.
Musikk: Beethoven: Fra første sats av
symfoni nr 7. skjebnesymfonien
Eilif E. Vestad
Tilbake
til ord for dagen
|