TANKER VED EI GRAV.

Ukjent forfatter

Eg går og ruslar på ein kyrkjegard ein stad på Vestlandet, langs rader av velstelte gravminne.  Eg les namn og årstal, noen har hatt eit langt liv, andre har knapt starta på si livsvandring. Eg ser einslege namn og eg ser mange namn der alle er død om lag på same tid, eg let fantasien få fritt spelerom og ser for meg mange ulike lagnader – mest som å lesa i ei bok

 Eg leitar etter eit bestemt gravminne som skal være på denne kyrkjegarden, men det er ikkje så lett når ein ikkje er lokalkjent. Tilslutt spør eg ei gamal dame som puslar med planting ved eit gravminne  - ektemannens -  ”vi var gift i 60 år”, sei ho stilt og fylgjer meg dit eg skal. Det er ikkje så langt ”Her er det” seier ho og bøyer hovudet, eg forstår at ho veit noko, men eg spør ikkje - for eg og veit.

 Det er eit lite, men vakkert gravminne med eit namn:  Lat oss seia det er "OLA".  Eit par datoar og årstal og DU VAR OSS ALLE SO KJÆR.

 Eg set meg på ein benk like ved.  Våren er komen, det er så stilt og fredeleg, bjørka står jomfrueleg grøn, og stæren på kyrkjespiret syng ut sin lovsong livet.

 DU VAR OSS ALLE SO KJÆR.   Også for meg var han ein venn – og no er han borte…………..

 -----”-----

 Eg vart kjent med "Ola" då vi begge vart ”innlosjert ” i eit firemannsrom på ein ekserserplass. Vi forsto det slik at no skulle det lages gode soldatar av oss, som så skulle sendes ut for å okkupere Tyskland.

 Dei 4 månadene på rekruttskolen med marsjering og drill – heilt om og bryt av til venstre – brakkevask og geværeksersis – skyting og anna krigshandverk, minnes eg som ei trasig tid, med dårleg mat og heimlengsel. Men lyspunktet var Ola, vi vart fort uvanleg gode venner - vi kom kvarandre so nær.  

 Han fortalte at han var født på ein heller skrinn brattlendt liten gard høgt oppe i ei li på Vestlandet ein stad. Som nummer fire i ein syskenflokk på fem.

Etter kvart som vårt vennskap utvikla seg forsto eg at det var noko uvanleg med han – litt filosofisk – hadde mange tankar omkring livet og naturen. Det hende han virka litt distré.  I helgene søkte vi permisjon og gjekk lange turar, overnatta ute under regnkappa.

  På desse turane oppdaga eg noko nytt ved ham. Han hadde ein egen evne til å sjå, og gle seg over detaljer i naturen. Og han hadde kunnskapar om det han såg, kor han no hadde fått dei i frå. Brått kunne han stoppe og beundre doggdråpene i ein spindelvev, stilt for seg sjølv høyrer eg han seier ”Araneus diadematus” eller han står og nyter synet av ei vakker hengebjørk i haustskrud – og eg høyrer den stille kommentaren: ”Betula verrucosa ” 

 Med første kontingent av Tysklandsbrigaden vart vi sendt med Troppetransportskipet ”Svalbard” til Tyskland, men vi vart ikkje forlagt i same by så eg veit lite om korleis han ha hadde der, hørte eit rykte om nokre dagar i ”bua” – det var visst noko med eit damebesøk. Kanskje var det sant  - kanskje ikkje.

 Vel heim frå Tyskland tok han høgare utdaning innan landbruk og fekk seg ein fin stilling som heradsagronom i ein kommune på Vestlandet.  Eg busette meg på Austlandet og vi hadde lite kontakt, no og då veksla vi nokre brev, men breva hans vart etter kvart so vanskeleg å forstå. Han hadde so mange underlege tankar – lange innfløkte utgreiingar som for meg virka heilt meiningslause.  Å svare på disse breva var ikkje lett, det vart lengre og lengre mellom dei og etter kvart heilt slutt.

 Mange år gjekk før eg kom attende i heimbygda mi og då fekk høyre korleis det hadde gått med "Ola".  Dei fortalte at då han var heradsagronom på Vestlandet vart han forelska i ei jente der i bygda. Kor mykje eller lite dette var skal vera usagt, men det ende med brot, og kjærleikssorg er ikkje å spøka med. "Ola" takla det rett og slett ikkje, han vart gåande som ein raring – stelte seg ikkje sjølv – vart meir og meir forfallen og vart tilslutt plassert i institusjon.    

Ein dag gjekk eg og besøkte ham, men det var mildt sagt ikkje særleg hyggelig. Eg trur han kjente meg, og vi snakka litt om tida i Tysklandsbrigaden, men så tok han til å snakke om heil uforståelege ting - han liksom ”forsvann” for meg.  Eg ”jatta” med så godt eg kunne, men det heile var ein so bedøvelig situasjon at eg strei med å halda gråten tilbake.    Rutebåten var på veg inn sundet så eg måtte berre takka for meg og gå – han såg langt etter meg……………..

 ……….Og no sit eg altså her, dødsannonsen sto i lokalavisa for nokre veker sida, tid og sted, slektninganes namn og eit fin lite dikt som slutta med ”livet vart for stort for deg” .    Så var det altså slik det skulle ende med min gode venn, - og eg sit her på benken og har ein vond føling inni meg, svikta eg då han hadde bruk for meg...........  ?

 Eg finn ein kvitveisblome og legg på grava, sola har gått ned, det vart eit kaldt drag i lufta…………

Tilbake til leserinnlegg