|
Sprengkulde.
Eg sit
i min stol,eg hutre
og frys,
in gjennom glaset
kjem fullmånens iskalde lys.
Eg er ikkje kar om å få opp varmen.
Kaldgufsen kryp
nedmed vindaugskarmen,
ålar seg opp etter legger og lår.
Er det lovleg å tilby så dårlige bustadvilkår?
Vindaugets ruter er dekte med
is.
Eg vil ikkje
lengre leve og bo på slikt
ynkeleg vis,
difor eg sender ei
bønn til
varmens gudinne:
"Kjære gudinne, gi
meg varme i kinnet."
Så slappar eg av - tar noen kvilestunder -
--då vart det så stilt at
eg nok må ha
sovna--,
for då eg så vakna -- O store vidunder:
Då hadde det
brått vorte fyr inni ovna.

Klodrian
Tilbake
til ord for dagen
|