
Farsdag.
Dette er soga om
ein godlynt kar:
Etter kvart vart handa hans sliten og hard.
Han føddes til liv på ein liten gard,
og lærde seg arbeid med krøtter og jord,
i saman med far og mor.
Så blei han vaksen og kjøpte seg eigen
gard,
og stolt han ei kone inn i stova
si
bar.
Slik gjekk nokre år i eit lukkeleg liv.
Men brått snudde lukka; han mista si viv,
ja, lagnaden kan vera grufull og hard.
Då satt han att med ein gut utan mor.
då
skulle
ein
tru at nauda var stor.
Men nei, han meistra det meste,
på taket med hammaren,
og inne med vaskekluten,
og
i tillegg så
sauma
han bukser til guten.
I
lengda så føltes det tomt utan viv.
Ei ny kom til gards, og da blei det liv.
To nye medlemmer ho fødde til verda.
Og spør du kva dette var for ein kar.
er svaret så klart: Det var min far.
Klodrian
Tilbake
til ord for dagen
|